Trygve er personlig lærer gjennom Learnlink.
Trygve Sandvik
Grunnskolelærer 5.-10. trinn med matematikk.
check Verifisert politiattest
check Verifisert vitnemål
check Verifisert identifikasjon
Underviser
Bli bedre kjent med Trygve
Eg er 25 år, bur på Bryne, og studerer for å bli lærar. Grunnen til at eg vil bli lærar er at eg liker å arbeida med ungdom, og at eg alltid har likt å dela kunnskapen min med andre. Før eg begynte på lærarutdanninga utdanna eg meg til ingeniør, men eg ville heller arbeida med ungdom, og endte opp på ein ungdomsskule. Der underviste eg i matematikk og naturfag i to år før eg sette meg på skulebenken igjen for å bli lærar. Utanom skule, arbeid og eit ungdomsarbeid i nærmiljøet mitt, likar eg å bruke tida mi ute i naturen, eller inne med ei god bok eller tre.
Hvorfor Trygve er en god underviser
Eg bryr meg om at elevane mine skal få til det dei arbeider med. Dette gjer at dei opplever mestring og auka sjølvtillit. Mi erfaring er at alle kan læra, bare dei er interesserte og får ting forklart på rett måte. Difor legg eg vekt på å bruka eksempel frå kvardagen og fleire ulike tilnærmingar når eg underviser. Eg har lang erfaring med å læra vekk, både som elev til medelevar, og i seinare tid som lærar for enkeltelevar og heile klassar. Eg brenn for faga matematikk og naturfag, og den interessen eg har smitter ofte over på elevane når dei ser kor spennande og givande faga kan vera når ein får dei til.
Tidligere arbeid
Lærar i matematikk og naturfag på Jærtun Lutherske Friskule.
Interesser
Friluftsliv, bøker og venner.